Viktig informasjon om koronaviruset

Smitte og testing

Det er viktig at du bestiller time før du møter opp til testing.

Ta gjerne koronasjekken for å sjå om test er tilrådd før du bestiller.

Om koronasjekken viser at du bør testast kan du bestille time til test på telefon 57 66 53 90.

Ofte stilte spørsmål om korona

Vanlegvis gjev covid-19 milde luftvegssymptom som kan vere vanskeleg å skilje frå andre luftvegsinfeksjonar. Av og til kan covid-19 gje alvorleg sjukdom. Det er difor viktig at du føl med på symptoma og kontaktar lege dersom du blir dårlegare.

Legekontoret i Årdal: 57 66 53 90
Legevakt: 116 117
Ambulanse: 113 (ved akutt og alvorleg sjukdom)

Til toppen