Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Tilbod om vaksine til ungdom i Årdal fødde i 2004 og 2005

Er du ungdom født i 2004 og 2005, og folkeregistrert i Årdal, så vil du få sms med time til vaksinering i veke 35 og 36.

Dei som fyller 16 år etter vaksineringsdato må ha med samtykke frå føresette om løyve til å ta vaksina. Skjemaet må vere signert av begge føresette og du må ha det med deg når du møter til vaksinering.

Samtykkeskjema for vaksinering

Ungdom som ikkje er folkeregistrert med adresse i Årdal, men som går på vidaregåande skule her, kan få vaksinere seg her i Årdal. 
Du må då ringe Koronavaksinetelefonen 989 06 097 for å melde frå om at du vil ha vaksine i Årdal og du vil da få dato for når du kan møte. Du må òg ha med samtykkeskjema frå begge føresette når du møter til vaksinering.

Ta kontakt

Det vil vere til god hjelp for helsestasjon viss du som er frå Årdal og går på skule utanfor bygdi - eller som ikkje går på skule, ringer koronavaksinetelefonen 989 06 097 og :
•    melder frå dersom du ikkje vil ha vaksine i Årdal
•    melder frå om telefonnummeret ditt og når det kan passe å ta vaksine i Årdal

Det skal gå 8-12 veker mellom vaksinedosane for dei som er født i desse årskulla.

Har du ikkje fått sms med time til vaksine i løpet av desse vekene, så ta kontakt med vaksinetelefon 989 06 097.

Til toppen