Tilbod om koronavaksine til born mellom 5 og 12 år

Årdal kommune tilbyr no koronavaksine til born mellom 5 og 12 år. Vi har fått inn Cominarty (Pfizer) vaksiner til born. 

Vaksinering vil i fyrste omgang bli gjennomført på dagtid onsdag 2. februar og tysdag 8. februar.

Helsestasjonen vil organisere vaksineringa av born mellom 5 og 12 år. Vaksineringa vil og gå føre seg der.

  • Bornet må ha fylt 5 år før vaksinering.
  • Ingen born blir kalla inn til vaksinering

Dei som ynskjer vaksinering tek kontakt med helsestasjonen på telefon 57 66 50 20 for å avtale tid for vaksine.

Hugs å ta med samtykkeskjema.

Friske born har normalt eit mildt forløp av Korona og derfor ikkje trong for vaksinen for skydd mot alvorleg covid-19 sjukdom.

Helsemyndigheitene har likevel beslutta at alle born der foreldre og born ynskjer vaksine skal få tilbod om det. Foreldre må samtykke skriftleg til vaksine.

Nokre born kan ha risiko for alvorleg covid-19 sjukdom og difor er tilrådd å ta i mot vaksina.

Born med alvorleg grunnsykdom:

  • medfødd alvorleg immunsvikt
  • aktiv behandling for kreft
  • sterkt immundempande behandling

Desse borna får behandling hjå spesialisthelsetenesta, mange av dei har allereie fått brev om vaksine. Dei er tilrådd to doser med 8-12 vekers mellomrom.

Andre born som kan ta i mot vaksina for betre skydd av seg sjølve eller nære personer:

  • Born med andre kroniske sjukdommar (t.d. behandlingskrevjande astma)
  • Born med familiemedlemmer eller andre nære med særs høg risiko for alvorleg Covid-19 sjukdom
  • Born som skal reise til land med høgare risiko for smitte eller dårlegare tilgang til helsetenester

For desse vil ein dose gje godt nok skydd.

For born som har hatt Covid vert det rekna som ein vaksinedose.

Informasjonssider:

Til toppen