Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona.  Information about corona in other languages.

Koronatelefon 901 11 630 - open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00 (stengt i helgi)
Vaksinetelefon 989 06 097 - open i legekontoret si opningstid.

            Informasjonsmeldingar 

Status smitte i Årdal er i dag 63 personar

Fem personar har i dag testa positivt på hurtigtest og to av desse er knytt til smitteutbrotet på Farnes skule. Alle skulane har i dag hatt ny massetesting. Fram til i dag er det totalt 63 personar som er smitta i Årdal sidan 1. desember. Det betyr og at det er mange personar og familiar i karantene.

Heimeskule

Grunna usikre karantenereglar for lærargruppa (nærkontaktar) vert det krevjande å fortsette skuledrifta som normalt. Kommuneleiinga har difor vedteke at også mellomsteget ved Farnes skule skal ha digital heimeundervisning. Dette gjeld fram til juleferien. Det same vil gjelde for ungdomssteget. Rektor på Farnes skule har varsla føresette for klassetrinna 5. – 10. klasse.
Tangen skule har lite smitte og fortsetter med drift på gult nivå fram til juleferien. Det same gjeld barnehagane.

Det blir ny testing av barne- og mellomtrinn på Farnes skule fredag 17.12 og alle skulane måndag 20.12.

Vaksinering

Det blir vaksinering med tredje dose for cirka 700 personar før nyttår. Dei det gjeld vil få innkalling. Da skal dei fleste over 65 år ha fått tre doser. Helsetenesta planlegg vidare vaksinering frå tidleg januar. 

Avgrens tal nærkontaktar

Årdal kommune oppmodar innbyggjarane om å avgrense tal på nærkontaktar framover. Dette gjeld både i jobbsamanheng og på fritid.

Nye nasjonale råd og reglar frå 15. desember.

 

Til toppen