Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona.  Information about corona in other languages.

Koronatelefon 901 11 630 - open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00 (stengt i helgi)
Vaksinetelefon 989 06 097 - open i legekontoret si opningstid.

            Informasjonsmeldingar 

Status korona ved inngangen til nytt år

Det er ikkje komme nokon fleire positive prøver utover det som var forventa i romjula. 

Testar du positivt no i nyttårshelgi så må du isolerere deg og varsle alle som du har hatt som nærkontaktar dei siste 48 timane slik at dei og får varsel om å gå i karantene. Ring koronatelefonen når den opnar igjen måndag 3. januar for å avtale time til PCR-test.

Testing barnehagar og skular

Alle tilsette i barnehagar og alle elevar og tilsette i barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule må testa seg før dei går på jobb eller skule første dag etter juleferien. Elevane skal teste seg om morgonen før dei reiser på skulen den 3. januar. Denne oppmodinga kjem frå Helsedirektoratet til kommunane og Årdal vel å følgje den.

Alle det gjeld, vil få utdelt gratis sjølvtest frå kommunen. Vidaregåande og skulane har fått utlevert testar før jul som dei kan bruke. Det er gått ut melding til leiarane i barnehagane korleis dei kan hente testar for dei tilsette i barnehagane.

Ved positiv test skal du ta kontakt med koronatelefonen, telefonnummer 901 11 630, måndag 3. januar for å få time til PCR-test.

Sjå nettsidene til Folkehelseinstituttet for meir detaljert informasjon:  Nærkontakter og smittekarantene - FHI

Koronatelefonen til Årdal kommune er stengt i nyttårshelga og opnar opp att måndag 3. januar 2022 kl 0800. Nasjonal koronatelefon: 815 55 015.

Årdal kommune ynskjer alle innbyggarar og tilreisande ei god nyttårsfeiring og alt godt for 2022.

Til toppen