Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Status 10. august - smitteutbrot Årdal

Ingen nye smittetilfeller er registrert det siste døgnet. Det er stadfesta to på PCR-test som testa positivt på hurtigtest på personar som allereie sat i karantene.

Helsetetenesta har vore i kontakt med alle dei smitta og dei har det etter forholda bra.
Hovudtyngda av dei smitta er i aldersgruppa 20-30 år. Det er få vaksinerte i denne gruppa da dei skulle vore inne til første dose førre veke og denne veka. Desse vil få tilbod om vaksine seinare.

Helsetenesta er i gang med testing på dag 7 av dei som er i karantene.

Kommunal kriseleiing har i dag hatt nytt møte med industriverksemdene for å følgje opp status og ev. tiltak. Etter kvart som situasjonen no begynner å bli under kontroll vil det bli meir føreseieleg for verksemdene og dei får tilsette tilbake i arbeid.

Smitteutbrotet er ikkje ferdig før alle er ute av karantene.

Til toppen