Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Smitten aukar i landet og spesielt blant unge vaksne

Smitten er den høgaste i landet til no og den aukar mest blant dei unge vaksne mellom 20-30 år. Denne gruppa har i tillegg mange nærkontaktar, noko som aukar fare for spreiing.

Smittauken kjem ofte frå private festar og  er du på fest andre stadar aukar risikoen for at du tek med smitte når du kjem heim til Årdal.

Me skal ikkje gje nokon peikefinger, men me vil likevel oppmode sterkt om at du ikkje reiser til andre stader for å delta på fest og at du held tal nærkontaktar så lågt som mogleg.

Det er diverre slik at me framleis må halde ut ei stund til, slik at me unngår at situasjonen kjem ut av kontroll.

Hald avstand, ver nøye med handhygiene, bruk munnbind der du ikkje klarer å halde avstand og ha få nærkontaktar.

Til toppen