Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona.  Information about corona in other languages.

Koronatelefon 901 11 630 - open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00 (stengt i helgi)
Vaksinetelefon 989 06 097 - open i legekontoret si opningstid.

            Informasjonsmeldingar 

Smitte, testing og karantene i julehelgi

Smitteutbrotet knytt til Farnes skule er på hell. Det kjem dagleg nokon nye tilfelle, men fleirtalet av desse er stort sett knytt til familiar som allereie er smitta og er venta. Sidan 1. desember har nærmare 80 personar testa positivt.

Årdal kommune følgjer nasjonale råd og tiltak.

Opningstider koronatelefon

Koronatelefonen 901 11 630  er open i romjula måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00.
Stengt julafta, første og andre juledag.

Isolasjon og nærkontaktar og smittekarantene

Testar du positivt no i julehelgi så må du isolerere deg og varsle alle som du har hatt som nærkontaktar dei siste 48 timane slik at dei og får varsel om å gå i karantene.
Ring og koronatelefonen når den opnar igjen måndag 27. desember for å informere om situasjonen og bestilling av PCR-test. 

Alle med luftvegsinfeksjon bør ta sjølvtest  kalla antigen-hurtigtest. Testar kan du få utlevert på legekontoret eller kjøpe på apoteket. 
Både husstandmedlemmar og tilsvarande nære, samt øvrige nærkontaktar har plikt til karantene etter eksponering. Karantenetida er 10 døgn.

Du kan teste deg ut av karantenetida, men her er det forskjell på husstandsmedlemmar og øvrige nærkontaktar.  Les meir om det på reglane for nærkontakter.

Til toppen