Pressemelding 7. desember kl. 15.30 - smitteutbrot i Årdal

Kommunelege Frode Myklebust melder tysdag 7. desember at det no er eit pågåande smitteutbrot i Årdal.
Totalt 19 personar har testa positivt på covid-19 til og med i dag.

I hovudsak er det smitte blant skuleelevar og familiemedlemer knytt til fleire trinn både på Farnes skule og Tangen skule. Kommunen legg opp til screening av elevane fortløpande og alle elevane fredag og måndag. Testutstyr vil bli utlevert til elevane.

Dei som er smitta er sett i isolasjon og husstandsmedlemar har fått melding om å gå i karantene. Dette vert gjort som eit førebyggande tiltak og i påvente av at det blir avklart kva som vert innført av nasjonale reglar etter regjeringa sin pressekonferanse i kveld kl. 19.00.

Kommunal kriseleiing i Årdal har hatt møte i dag og har beslutta å setje i verk tiltak for å prøve å slå ned smitten så raskt som råd. På denne måten håper me å få kontroll på smitten og at folk kan samlast til jul.

Tiltak til og med 15. desember:

  • Legge ned all aktivitet på kveldstid for barn og vaksne frå og med 7. desember til og med 15. desember.
  • Bruk munnbind der du ikkje kan halde 1 meter avstand
  • Vere forsiktig på reise ut av kommunen
  • Ha færrast mogleg nærkontaktar
  • Hald deg heime når du er sjuk og test deg ved nyoppståtte symptom
  • Vask hender

Koronatelefon er open, telefon 901 11 630

Til toppen