Pressemelding 4. august kl. 10:30: Smitteutbrot i Årdal - ikkje avklart situasjon

Smittesporingsteamet kartlegger no breitt og det kjem stadig nye nærkontakter i Årdal. Situasjonen er uavklart. Det er i tillegg påvist nærkontaktar i Lærdal kommune som blir testa og nærkontakter i Luster kommune. 

Kommunen skal ha møte med FHI og statsforvaltaren i forhold til vidare tiltak.

Me oppmodar alle om å vere merksamme, bruk munnbind i situasjonar der du ikkje kan halde avstand. Ver nøye med hygiene og hald avstand.

Helsesenteret har redusert pasientdrift i samband med situasjonen, og fleire kan få avbestilt legetime. Ingen må møte for testing utan avtale.

Det er oppretta to telefonnummer for pågåande smitteutbrot:
Viss du lurer på å teste deg så ring legekontoret telefon 57 66 53 90.
Har du spørsmål som gjeld nærkontakt så ring koronatelefonen 901 11 630.

Øyeblikkeleg legehjelp 116 117

Kafear og restaurantar
Me oppmodar at alle tilsette bruker munnbind, er nøye med reinhald og passer på at avstand vert halde mellom gjestene. 

Kriseleiinga vurderer situasjonen fortløpande og det kjem ny pressemelding kl. 14:30.

Kontaktperson for presse:
ordførar Hilmar Høl mobil 902 01 564

Til toppen