Omlag 60 personar med positiv test i veke 3

Som meldt tidlegare i veka er det jamn auke med koronasmitte i Årdal. Det er denne veka nærmare 60 personar som har testa positivt til no.

Berre i dag, fredag, er det i løpet av dagen meldt inn 20 personar med positiv test. Smitten er litt overalt i bygdi og me ser det er knytt til fritidsaktivitetar, arbeidsplassar, reiser og det spreier seg innad i familiar.

Auke i smitte vil etterkvart gå utover arbeidsplassane i bygdi og me oppmodar kvar og ein om å ta eit ansvar for at ikkje alle blir smitta samtidig. 

Hald fast på god handhygiene, bruk munnbind, hald deg heime når du er sjuk og test deg ved symptom.

NB! me minner om at dei som får innkalling til vaksinering, og ikkje kan/vil møte, gir beskjed om dette så raskt som råd. Ring då vaksinetelefonen på telefon 989 06 097 (ope i opningstida til legekontoret).

Til toppen