Ni nye covid-19 positive i Årdal

I løpet av helgi og til no, er det komme ni nye som har testa positivt på hurtigtest for covid-19. Tilfella er knytt til innreise frå utlandet, reise innanlands og til tidlegare kjent smittetilfelle på ungdomsskulen i Øvre Årdal.

Årdal kommune oppmodar om:

  • å bruke munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand.
    I kontakt med helse og omsorgstenesta vil me at du skal bruke munnbind. Dette gjeld mellom anna når du besøker sjukeheimane eller du skal på legekontoret.
  • vere forsiktig når du er på reise andre stader i landet 

Oppdater deg på dei nasjonale råd og reglar som gjeld.

  

Til toppen