Koronasmitta person har vore i Årdal sist helg

Status 3. august kl. 23.30:
Smittesporing pågår fortsatt. Det vil bli testa utover kvelden.
Dei som har spørsmål som gjeld testing eller nærkontakt kan ringe mobilnummer 970 19 648 fram til kl. 24.15 tysdag kveld.

Frå onsdag 4. august kl. 08.00 kan du ringe koronatelefon 901 11 630

Det vert møte i kriseleiinga i Årdal kommune onsdag 4. august kl. 09.00.

Det har i helgi vore ein person utanbygds frå på besøk i Årdal og vedkommande har, då han kom tilbake til heimstaden, testa positivt for covid-19. Vedkomande har mellom anna vore på Tya og Bakeriet, og så vidt me er kjent med ein privat fest. 

Me ber om at dei personane som har vore på Tya og Bakeriet mellom kl. 22.00 og 02.00 natt til laurdag 31. juli og natt til søndag 1. august er ekstra nøye og følgjer med. Ta ein test dersom du utviklar symptom.

Arbeid med smittesporing er i gang og det er kalla inn eit utval personar til testing.

Situasjonen er uoversiktleg og me vil oppdatere informasjonen så fort me veit meir.

Kontaktperson for presse
Kommunalsjef Helse og omsorg: Mette Hestetun Berg, mobil 970 19 648 
 

Til toppen