Koronainformasjon 28. januar

Ei lita oppsummering inn i helgi på status smitte, vaksinering og utdeling av hurtigtestar i Årdal.

Kommunelegen sin risikovurdering for dei siste 14 dagane for Årdal er at kommunen har eit høgt smittetrykk.

•    Det er mest smitte i yngre aldersgrupper.
•    Kritiske samfunnsfunksjonar vert enno drifta forsvarleg
•    Nye karantenereglar fører til at det er få personar som er i karantene som nærkontakt
•    God vaksinasjonsdekning. Årdal er blant dei høgaste kommunane i landet på alle tre doser.

Kommunelegen meiner at ytterlegare tiltak utover nasjonale ikkje er forholdsmessig til tross for høgt smittetrykk. Kommunen fortsetter med regelmessig testing i skulen så lenge kommunen har rimelig tilgang på testar tilgjengelig.

Smittestatus

Det er eit snitt på 15 nye smitta dagleg. Siste 14 dagane er det til i dag registrert 165 nye smitta.
Innbyggarane som er smitta er flinke å følgje nasjonale råd om å registrere positiv hurtigtest inn i kommunen sitt smittesporingssystem. 

Hurtigtestar

Kommunen har førebels avgrensa tilgang på hurtigtestar. Så lenge denne situasjonen varar kan me ikkje dele ut hurtigtestar til alle som ynskjer det, men lyt prioritere. Prioriteringslista finn du nedanfor. Det blir delt ut testar på legekontoret og på tenestetorget på rådhuset. I tillegg vil kommunen sette ut testar på  Årdal sjukeheim og ÅBO i helgane som kjem. Treng du hurtigtest i helgi fordi du har symptom eller er nærkontakt så kan du hente der. 

Nasjonale myndigheiter har bestemt kriterier for kven som kan hente gratis hurtigtest. Desse er prioritert: 
1.    Test av personer med symptom
2.    Test av personer med kjent eksponering:
a)    test i stedet for karantene av husstandsmedlemmer/tilsvarende nære
b)    test av øvrige nærkontakter

3.    Annen screening etter smittevernfaglig vurdering
a)    test av personer som utfører kritiske samfunnsfunksjoner (som inkluderer helsepersonell)
b)    jevnlig testing

 

Vaksinering

Årdal kommune tilbyr no koronavaksine til born mellom 5 og 12 år. Vaksinering vil i fyrste omgang bli gjennomført på dagtid onsdag 2. februar og tysdag 8. februar. Her finn du meir informasjon frå helsestasjonen om vaksinering av denne gruppa.

Elles er vaksinering av dose 3 komme godt i gang og Årdal vil i byrjinga av februar vere ferdig med vaksinering av boosterdosen. 

Status vaksinerte i Årdal per 28. januar 2022
dose 1: 4283 personar
dose 2: 3987 personar
dose 3: 3205 personar
dose 4:     18 personar

Me minner om at dersom du får innkalling til vaksinering og ikkje kan/vil møte, seier i frå om det. Ring da vaksinetelefonen telefon 989 06 097.

Koronatelefon 

Koronatelefon 901 11 630 er stengt i helgane. Har ope måndag til fredag frå kl. 08.00 – 15.00.

Testar du positivt laurdag/søndag så må du isolerere deg og varsle alle som du har hatt som nærkontaktar dei siste 48 timane. Kven som er rekna som nærkontakt er under stadig endring og kommunen ber om at de held dykk informert om dette på folkehelseinstituttet sine sider. 
Det ligg og ein karantenesjekk på kommunen si heimeside som du kan nytte.

Registrer resultatet på kommunen sitt smittesporingssystem ReMin.

Til toppen