Auke i smitte i Årdal

Det er frå fredag til tysdag meldt inn 13 nye smittetilfeller på hurtigtest. Alle desse har fått teke PCR-test for å få stadfesting på smitte. Det er flest smitte blant vaksne men det har og vorte oppdaga smitte i klassar på Farnes skule.

Noko smitte er knytt til familiar og har ein kjent smitteveg, men det er og smitte som me ikkje har kunnskap om kvar kjem i frå - sokalla villsmitte.

Kommunen legg førebels ingen avgrensing i aktivitetar. Me oppmodar likevel om at ein prøver å ikkje ha for mange nærkontaktar.

Barnehage og skular er på grønt nivå. Elevar som har vore nærkontakt i ein klasse kan delta på aktivitetar utanom skuletid.

Det er viktig å teste seg ved symptom og teste på dag 3 og 5 etter du har vore nærkontakt. Etter dei nye reglane er det kun husstandsmedlemer som er i karantene ved smitte.

Smitten vil komme meir spreidd og uoversiktleg i tida som kjem. Dette må me vere førebudde på. 

Hald fast på god handhygiene, munnbind, hald deg heime når du er sjuk og test deg ved symptom.

Til toppen