Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Årdal kommune får auka tal vaksiner i vekene framover

Vaksinetilgangen framover vert endra og dei neste tre vekene vil Årdal få over 1200 doser med Moderna sin vaksine Spikevax. Det innebere at dei som har fått Pfizer (Comirnaty) som første dose vil få Spikevax (Moderna) som 2. dose. Det betyr og at tidspunkt for dose 2 vert framskunda.

Alle som no får tilbod om dose 2, får sms om når du skal møte og kvar du skal møte. Viktig at du møter til rett tid så me klarer å følgje smittevernsreglane.

Kombinere to ulike koronavaksiner

I koronavaksinasjonsprogrammet i Noreg vert det nytta dei to mRNA-vaksinene Comirnaty fra Pfizer og Spikevax fra Moderna. 
Det trengst to dosar for å få best mogleg beskyttelse mot koronaviruset. Sidan målet er å få fullvaksinert flest mogleg raskast mogleg, vil nokon bli tilbydd ein kombinasjon av dei to koronavaksinene. 

Begge er mRNA-vaksiner og er anbefalt kombinert fra FHI viss det ikkje er mogleg å tilby samme vaksinetype. Dei to vaksinetypane vert vurdert som likeverdige av FHI. Moderna-vaksinen er og no godkjent for personar under 18 år, på lik linje med Pfizer-vaksinen. 

Les meir om vaksinane på FHI sine informasjonssider.

Til toppen