Smittestatus fredag 11. mars

Det er rapportert 340 smitta personar i registreringssystemet til kommunen for perioden 4. - 11. mars. Tal smitta er nok høgare da det ikkje er alle som registrerer seg og tal for PCR-testar ikkje er med i oversikten. 

Sidan veke 5 er det innrapportert 859 personar som har testa positivt på sjølvtest. Trenden er stigande.

Treng du hurtigtest så er det tilgjengeleg på ulike utleveringspunkt i kommunen. 

Du kan hente hurtigtest på:

  • legekontoret i Øvre Årdal (måndag - fredag)
  • Tenestetorget på rådhuset (måndag - fredag)
  • laurdag og søndag kan du hente på Årdal sjukeheim eller ÅBO

Minner om at viss du får positivt testresultat registrerer dette i kommunen sitt system. Du kan og registrere på vegne av andre.

Registrere positiv hurtigtest

Årdal kommune ber om at pasientar på besøk på legekontoret nyttar munnbind.

Fredag 19. november er det 5 nye positive på hurtigtest.

I den siste tida har det vore nokon enkelte smittetilfelle her i Årdal. I tillegg er det no påvist fleire personar i Lærdal kommune med koronasmitte. Det gjeld både vaksne og barn i skule og barnehage.

Måndag 20. september opnar Årdal sjukheim for besøk igjen på alle avdelingar.

Det vert fortsatt besøksregistrering og me minner om god handhygiene.

Det er avdekka ny smitte på Årdal sjukeheim. Ein tilsett har testa positivt.

Årdal sjukeheim opnar opp for besøkande igjen og 1. etasje er open frå torsdag 9. september.

Det er torsdag ettermiddag komme varsel om to nye positive prøver i Årdal. Ein av dei smitta har reist med Valdresekspressen.

Det er til no avdekka fire personar smitta på Årdal sjukeheim, og av desse er det tre bebuarar og ein tilsett.

Det er i dag avdekka smitta på ein bebuar i 2. etasje på Årdal sjukeheim. Alle bebuarar og tilsette på avdelingen det gjeld er fullvaksinerte. Smittesporing pågår.

Smitten er den høgaste i landet til no og den aukar mest blant dei unge vaksne mellom 20-30 år. Denne gruppa har i tillegg mange nærkontaktar, noko som aukar fare for spreiing.

Til toppen