Smittestatus fredag 11. mars

Det er rapportert 340 smitta personar i registreringssystemet til kommunen for perioden 4. - 11. mars. Tal smitta er nok høgare da det ikkje er alle som registrerer seg og tal for PCR-testar ikkje er med i oversikten. 

Sidan veke 5 er det innrapportert 859 personar som har testa positivt på sjølvtest. Trenden er stigande.

Treng du hurtigtest så er det tilgjengeleg på ulike utleveringspunkt i kommunen. 

Du kan hente hurtigtest på:

  • legekontoret i Øvre Årdal (måndag - fredag)
  • Tenestetorget på rådhuset (måndag - fredag)
  • laurdag og søndag kan du hente på Årdal sjukeheim eller ÅBO

Minner om at viss du får positivt testresultat registrerer dette i kommunen sitt system. Du kan og registrere på vegne av andre.

Registrere positiv hurtigtest

Måndag 13. desember varsla Regjeringa nye nasjonale tiltak og presiserer at det er viktig med vaksinering mot covid-19. Det er og varsla at alle over 45 år skal ha fått tilbod om tredje dose innan midten av januar 2022.

Har du vore på Veekiosken i Øvre Årdal i tidsrommet søndag 12. desember kl. 19.00 - 20.00, ber me deg vere merksam og teste deg ved symptom.

Det er i løpet av helgi og i samband med testinga på skulane i Årdal måndag 13. desember, dukka opp fleire nye tilfeller av covid 19. Sidan smitteutbrotet starta er det no 56 tilfeller. Smitten er i all hovudsak knytt til Farnes skule.

Har du vore på Kaffistova i Øvre Årdal i tidsrommet 7. til 9. desember, ber me deg vere merksam og teste deg ved symptom.

I pågåande smitteutbrot er det no totalt 47 personar som har testa positivt på covid-19.

Det er per 9. desember totalt 36 personar som til no har testa positivt på covid-19 i Årdal. Dei nye smitta er i husstander til tidlegare smitta og er forventa.

Det er 12 nye personar som har testa positivt i dag og det er totalt 31 smitta i Årdal. 
Fleire husstandar i Årdal er råka. Dei fleste smitta er innafor same smitteklynge og er forventa.

Kommunelege Frode Myklebust melder tysdag 7. desember at det no er eit pågåande smitteutbrot i Årdal.
Totalt 19 personar har testa positivt på covid-19 til og med i dag.

I løpet av helgi og til no, er det komme ni nye som har testa positivt på hurtigtest for covid-19. Tilfella er knytt til innreise frå utlandet, reise innanlands og til tidlegare kjent smittetilfelle på ungdomsskulen i Øvre Årdal.

 

Årdal kommune ber besøkande på sjukeheimane i kommunen om å bruke munnbind ved besøket.

Til toppen