Smittestatus fredag 11. mars

Det er rapportert 340 smitta personar i registreringssystemet til kommunen for perioden 4. - 11. mars. Tal smitta er nok høgare da det ikkje er alle som registrerer seg og tal for PCR-testar ikkje er med i oversikten. 

Sidan veke 5 er det innrapportert 859 personar som har testa positivt på sjølvtest. Trenden er stigande.

Treng du hurtigtest så er det tilgjengeleg på ulike utleveringspunkt i kommunen. 

Du kan hente hurtigtest på:

  • legekontoret i Øvre Årdal (måndag - fredag)
  • Tenestetorget på rådhuset (måndag - fredag)
  • laurdag og søndag kan du hente på Årdal sjukeheim eller ÅBO

Minner om at viss du får positivt testresultat registrerer dette i kommunen sitt system. Du kan og registrere på vegne av andre.

Registrere positiv hurtigtest

Det er frå fredag til tysdag meldt inn 13 nye smittetilfeller på hurtigtest. Alle desse har fått teke PCR-test for å få stadfesting på smitte. Det er flest smitte blant vaksne men det har og vorte oppdaga smitte i klassar på Farnes skule.

Regjeringen presenterte torsdag 13. januar nye nasjonale tiltak. Årdal kommune følgjer dei nasjonale tiltaka og oppmodar innbyggjarar og næringsliv om å sette seg inn i det som no gjeld. 

Årdal har i dag hatt testing av alle elevar og tilsette i skulane og tilsette i barnehagane. Per no er det ikkje kome melding om nye positive prøver.

Helsetenesta har måndag 27. desember sett 342 vaksinedoser og Årdal er no ferdige med dei som er over 65 år. Dette var siste dag med vaksinering i 2021.

Smitteutbrotet knytt til Farnes skule er på hell. Det kjem dagleg nokon nye tilfelle, men fleirtalet av desse er stort sett knytt til familiar som allereie er smitta og er venta. Sidan 1. desember har nærmare 80 personar testa positivt.

Årdal kommune følgjer nasjonale råd og tiltak.

Måndag 27. desember er det siste vaksineringsdag før nyttår. Helsetenesta i Årdal er da ferdig med å vaksinere aldersgruppa 65+.

I dag er det kome melding om tre nye tilfeller med positiv covid-19 test.

Ein ny person har testa positivt på hurtigtest i dag. Vedkomande er ein vaksen nærkontakt. I tillegg har smittevernslegen fått tilbakemelding på ein negativ PCR-test.

Årdal kommune følgjer dei nasjonale råd og reglar som er gjeldande frå 15. desember med unntak av at kommunale bygg vert stengt for bruk til treningar og aktivitetar til etter nyttår.

Fem personar har i dag testa positivt på hurtigtest og to av desse er knytt til smitteutbrotet på Farnes skule. Alle skulane har i dag hatt ny massetesting. Fram til i dag er det totalt 63 personar som er smitta i Årdal sidan 1. desember. Det betyr og at det er mange personar og familiar i karantene.

Til toppen