Smittestatus fredag 11. mars

Det er rapportert 340 smitta personar i registreringssystemet til kommunen for perioden 4. - 11. mars. Tal smitta er nok høgare da det ikkje er alle som registrerer seg og tal for PCR-testar ikkje er med i oversikten. 

Sidan veke 5 er det innrapportert 859 personar som har testa positivt på sjølvtest. Trenden er stigande.

Treng du hurtigtest så er det tilgjengeleg på ulike utleveringspunkt i kommunen. 

Du kan hente hurtigtest på:

  • legekontoret i Øvre Årdal (måndag - fredag)
  • Tenestetorget på rådhuset (måndag - fredag)
  • laurdag og søndag kan du hente på Årdal sjukeheim eller ÅBO

Minner om at viss du får positivt testresultat registrerer dette i kommunen sitt system. Du kan og registrere på vegne av andre.

Registrere positiv hurtigtest

Det er innrapportert 284 smitta personar i registreringssystemet til kommunen for perioden 11. - 18. mars.

Siste vekene har smitten auka i Årdal og berre sidan i går er det registrert 50 nye tilfeller. Tendensen er stigande og me har enno ikkje nådd smittetoppen. Pandemien er ikkje heilt over.

Kommunen sin lokale koronatelefon 901 11 630 vert stengt frå onsdag 23. februar. 
Dersom du har spørsmål om vaksine kan du ringe kommunen sin vaksinetelefonen 989 06 097. Denne er open i legekontoret si opningstid.

Regjeringa har fatta vedtak om endringar i koronatiltaka og desse gjeld frå 12. februar 2022.

Regjeringa har, tysdag 1. februar, fatta vedtak om endringar i covid-19 tiltak. Alle endringane gjeld frå kl 23.00 tysdag 1. februar 2022.

Ei lita oppsummering inn i helgi på status smitte, vaksinering og utdeling av hurtigtestar i Årdal.

Årdal kommune tilbyr no koronavaksine til born mellom 5 og 12 år. Vi har fått inn Cominarty (Pfizer) vaksiner til born. 

Vaksinering vil i fyrste omgang bli gjennomført på dagtid onsdag 2. februar og tysdag 8. februar.

Det blir endringar i reglane for smittekarantene frå midnatt natt til 26. januar.  Smittekarantene for husstandsmedlemer og tilsvarande nære kan no erstattast med dagleg testing.

   

Årdal kommune har starta opp med elektronisk registrering av positive hurtigtestar. Dette er i tråd med nye nasjonale retningslinjer. 

 

Som meldt tidlegare i veka er det jamn auke med koronasmitte i Årdal. Det er denne veka nærmare 60 personar som har testa positivt til no.

Til toppen