Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Sjukeheimen opnar for besøk

Måndag 20. september opnar Årdal sjukheim for besøk igjen på alle avdelingar.

Det vert fortsatt besøksregistrering og me minner om god handhygiene.

Det er avdekka ny smitte på Årdal sjukeheim. Ein tilsett har testa positivt.

Årdal sjukeheim opnar opp for besøkande igjen og 1. etasje er open frå torsdag 9. september.

Det er torsdag ettermiddag komme varsel om to nye positive prøver i Årdal. Ein av dei smitta har reist med Valdresekspressen.

Det er til no avdekka fire personar smitta på Årdal sjukeheim, og av desse er det tre bebuarar og ein tilsett.

Det er i dag avdekka smitta på ein bebuar i 2. etasje på Årdal sjukeheim. Alle bebuarar og tilsette på avdelingen det gjeld er fullvaksinerte. Smittesporing pågår.

Smitten er den høgaste i landet til no og den aukar mest blant dei unge vaksne mellom 20-30 år. Denne gruppa har i tillegg mange nærkontaktar, noko som aukar fare for spreiing.

Er du ungdom født i 2004 og 2005, og folkeregistrert i Årdal, så vil du få sms med time til vaksinering i veke 35 og 36.

Årdal kommune er i dag, 21. august, varsla om ny person som har testa positivt for covid-19.

Vaksinetilgangen framover vert endra og dei neste tre vekene vil Årdal få over 1200 doser med Moderna sin vaksine Spikevax. Det innebere at dei som har fått Pfizer (Comirnaty) som første dose vil få Spikevax (Moderna) som 2. dose. Det betyr og at tidspunkt for dose 2 vert framskunda.

Alle som no får tilbod om dose 2, får sms om når du skal møte og kvar du skal møte. Viktig at du møter til rett tid så me klarer å følgje smittevernsreglane.

Dei siste dagane har det vore registrert eitt nytt tilfelle per dag og totalt 37 personar har testa positivt i dette smitteutbrotet. Ingen av dei nye tilfella har vore uventa. Desse har allereie vore i karantene og det har ikkje løyst ut nye nærkontaktar. 

Til toppen