Viktig informasjon om koronaviruset

Koronavaksine i Årdal

Kven som blir prioritert for å få vaksinen er bestemt på sentralt hald og vil i nokon grad vere avhengig av smittesituasjonen. Vaksinen er gratis.

Du vert kontakta av helsetenesta når det er din tur til å få vaksine og du treng difor ikkje ringe for å avtale tid.

Informasjonsside om koronavaksine

Status vaksinerte i Årdal per 18. juni
dose 1: 2044 personar
dose 2: 1462 personar og er da fullvaksinert.

Status 16. juni - Ny rutine for innkalling til koronavaksinering
Årdal nærmar seg no gruppe 8 i vaksinasjonsprogrammet og skal til med dei som er 55 til 64 år. Torsdag 24. juni startar me med dei som er 64 år og født i 1957.

Det har til no vorte ringt til den som skulle få vaksine, men denne rutinen vert no endra. Frå og med dei som er født i 1957 og framover vil det bli sendt sms med varsel om vaksinering. 

Det betyr at dei som skal vaksinerast torsdag 24. juni 2021 vil bli kalla inn på sms der det står:

Hei
Du har fått time til koronavaksinering dag/dato/kl på helsestasjonen.
Ta kontakt om du ikkje kan møte/er vaksinert/ikkje vil ha vaksine 57665390.
Dose to er førespegla om 12 veker, du vil få ny sms. 
mvh. Årdal legekontor

SMS'en kan ikkje svarast på.

Me reknar med å kalle inn heile årskull 1957 og litt inn i årskull 1958 til vaksinering 24. juni.

Det er særs viktig at dei som ikkje kan møte, er vaksinerte eller ikkje ønskjer vaksine tek kontakt med legekontoret på telefon 57 66 53 90, slik at vaksinedosen kan gå til ein annan person.
Personar i den aktuelle aldersgruppa som ikkje har fått sms, må ta kontakt med legekontoret.

Det vil bli lagt ut oppdatering veke for veke kor langt me er komne i aldersgruppa.

Status 11. juni
Det er vaksinert 1883 personar med dose 1 og 1377 personar har fått dose 2.

Me er godt i gang med dei som er 64 år og yngre som er i risikogruppa, neste veke vert det vaksinert ein del personar med dose 2 og dei som er i risikogruppene helt til dei som er ca 36 år gamle. 
Dei det gjeld har stort sett fått timar.

Veke 25 har kommunen fått ein del dosar til dei som ikkje er vaksinerte enno, og da held me fram med risikogruppene heilt ned til dei som er 18 år og så startar me på dei som er friske og under 65 år. Heilt etter retningslinjer gitt frå Folkehelseinstituttet.

Dei som har underliggande sjukdom/ tilstand og er over 36 år gamle (fødde før 1986) som ikkje har fått time til vaksinasjon kan ta kontakt med legekontoret på telefon 57 66 53 90.

Underliggande sjukdom/tilstandar som er aktuelle er følgjande:
•    Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon  
•    Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar  
•    Diabetes  
•    Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høydose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året  
•    Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
•    Demens  
•    Kroniske hjerte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)  
•    Hjerneslag  

Status 4. juni
Det er vaksinert 1801 personar med dose 1 og 1255 personar har fått dose 2. I veke 22 er det sett 450 doser med vaksine.

Status 28. mai
Det er vaksinert 1578 personar med dose 1 og 1028 personar har fått dose 2. 

Kommunen får 450 dosar til veke 22. Det er ca 234 stk som skal få dose 2 den veka, dei har fått avtale om time.
Resten av dosane vil bli gitt til dei som skal ha dose 1. Desse vil bli ringt direkte til.
 
Kommunen er no i gang med dei som er 64 år og yngre, som er i risikogruppe 2.

Status 21. mai
Det er vaksinert 1527 personar med dose 1 og 773 personar har fått dose 2. 
Kommunen får ikkje så mange doser for veke 21 så dei som skal få vaksine har fått innkalling. 

Staus 14. mai
Det er vaksinert 1516 personar med dose 1 og 598 personar har fått dose 2. 
I veke 20 får me ikkje vaksiner for dose 1. Dei som skal ha dose 2 har fått innkalling.

Status 7. mai
Det er vaksinert 1472 personar med dose 1 og 528 personar har fått dose 2.
Legekontoret kallar no inn dei som er fødde i 1955 veke 19.

Møt presis
Skal du ta vaksine så møt akkurat presis til timen du har fått. Ikkje for tidleg sånn at det dannar kø på venterom. Har du fått time så får du vaksine.

Status 30. april
Det er vaksinert 1388 personar med dose 1 og 432 personar har fått dose 2.
Legekontoret kallar no inn dei som er fødde i 1953 og 1954 for vaksinering i veke 18.

Status 23. april
Det er 1268 personar som har fått fyrste dose med koronavaksine i Årdal, og 372 personar har fått dose to.

Status 16. april
Det er 1088 personar som har fått fyrste dose med koronavaksine i Årdal, og 372 personar har fått dose to.

Status 9. april
Det er 908 personar som har fått fyrste dose med koronavaksine i Årdal, og 372 personar har fått dose to. Til no er det vaksinert pasientar i institusjonane, dei eldste aldersgruppene og helsepersonell. Vi er snart ferdig med vaksinering av alle eldre enn 75 år.

Neste aldersgruppe som får tilbod

Neste grupper som skal få tilbod om vaksine er aldersgruppa 65-74 år. I tillegg skal pasientar med risikotilstandar i aldersgruppa 18 – 64 få tilbod om vaksine. Desse to gruppene vil bli kontakta av legekontoret i næraste framtid.

Tidspunkt for vaksinering blir bestemt av tal vaksinedosar kommunen får kvar veke. Vi veit stort sett vaksinetal cirka 14 dagar fram i tid.

Følgande grupper mellom 18-64 år skal prioriterast fyrst:

  • Organtransplantasjon*  
  • Immunsvikt*  
  • Hematologisk kreftsjukdom siste fem år*  
  • Anna aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)* 
  • Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som fører til nedsett hostekraft eller lungefunksjon (til dømes ALS, cerebral parese og Downs syndrom)*  
  • Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon*  

Fastlegane i Årdal har søkt gjennom pasientjournalane for å finne pasientar med risikotilstandar. Det er ikkje garanti for at alle slike tilstandar er registrert i journalane til pasientane. Det er difor viktig at dei som meiner dei har ein av risikotilstandane over i, og ikkje har blitt kontakta for vaksinering tek kontakt med Årdal legekontor, tlf 57 66 53 90, og informerer om dette.

Vidare vaksinasjonsplan 

Når gruppene nemnt over er ferdig vaksinert, vil vi halde fram med følgande prioriterte grupper:

5. Alder 55-64 år med underliggande sjukdommar/tilstandar (sjå liste over risikogrupper under)  
6. Alder 45-54 år med underliggande sjukdommar/tilstandar
7. Alder 18-44 år med underliggande sjukdommar/tilstandar

Underliggande sjukdom/tilstandar som er aktuelle er følgjande:

  • Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon  
  • Immundempande behandling som ved autoimmune sjukdommar  
  • Diabetes  
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert alvorleg astma som har medført bruk av høydose-inhalasjonssteroider eller steroidtabletter siste året  
  • Fedme med kroppsmasseindeks (KMI) på 35 kg/m2 eller høgare 
  • Demens  
  • Kroniske hjerte- og karsjukdommar (med unntak av høgt blodtrykk)  
  • Hjerneslag  

Det er ikkje naudsynt at personar i desse siste gruppene kontaktar legekontoret enda - da det til no er ingen av desse som har fått melding om vaksinering.

Koronavaksinasjonsprogrammet

Koronavaksine på 1 - 2 - 3, - kort informasjon frå Folkehelseinstituttet om vaksinasjon mot koronasjukdomen covid-19

Til toppen