Kommunal informasjon

Årdal kommune følgjer som utgangspunkt dei nasjonale retningslinjene og minner om at du som privatperson må setje deg inn kva som er gjeldande.

Går over til normal kvardag med auka beredskap

Regjeringa har vedteke at Noreg går over til ein normal kvardag med auka beredskap frå laurdag 25. september klokka 16.00.
Det betyr at dei fleste koronarestriksjonane fell bort. Det er framleis viktig med handhygiene, hostehygiene, og holda deg heime og testa deg om du er sjuk.

Les meir om kva reglar og råd som gjeld på regjeringen.no og på nettsida til Folkehelseinstituttet (FHI).

16. august
Denne veka går me over til vanleg rutiner for testing igjen. Det vert testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke.
Time for testing bestiller du på 57 66 53 90.

Koronatelefonen er open måndag til fredag frå kl. 08.00 - 15.00.

9. august:
Koronatelefonen vert no open frå kl. 08.00 – 15.00 måndag til fredag.

Ventar du på svar på test?
– det vil komme, men det kan vere forsinka grunna stor pågang på mikrobiologen i Førde.

Vil du bestille time til test?
- så kan du ringe legekontoret, telefon 57 66 53 90, i opningstida på telefon for å avtale dette.

Pågåande smitteutbrot
Årdal kommune har ikkje vedteke lokale forskrifter eller tiltak, men ber alle om å redusere tal nærkontaktar i tida som kjem. Me tilrår bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand, ver nøye med hygiene.

Hovudregel for karantene eller isolasjon

  • Er du isolasjon så må du halde deg heime heile tida og ikkje gå ut, men du kan vere i eigen hage eller på eigen balkong/ veranda/terrasse. Andre må hjelpe deg med naudsynte ærend.
  • Er du i karantene så skal du halde deg heime. Har du ikkje nokon til å hjelpe deg med naudsynte ærend som til dømes apotek og matbutikk så må du gjere dette utanom dei tidene det er mykje folk. Vere nøye med avstand, munnbind og hygiene.

Les meir om kva reglar som gjeld på https://www.helsenorge.no/koronav.../karantene-og-isolasjon/

4. august: smitteutbrot
Smittesporingsteamet kartlegger no breitt og det kjem stadig nye nærkontakter i Årdal. Situasjonen er uavklart. Det er i tillegg påvist nærkontaktar i Lærdal kommune som blir testa og nærkontakter i Luster kommune. 

Me oppmodar alle om å vere merksamme, bruk munnbind i situasjonar der du ikkje kan halde avstand. Ver nøye med hygiene og hald avstand.

Helsesenteret har redusert pasientdrift i samband med situasjonen, og fleire kan få avbestilt legetime. Ingen må møte for testing utan avtale.

Det er oppretta to telefonnummer for pågåande smitteutbrot:
Viss du lurer på å teste deg så ring legekontoret telefon 57 66 53 90.
Har du spørsmål som gjeld nærkontakt så ring koronatelefonen 901 11 630.

Øyeblikkeleg legehjelp 116 117

Kafear og restaurantar
Me oppmodar at alle tilsette bruker munnbind, er nøye med reinhald og passer på at avstand vert halde mellom gjestene. 

30. juli: nytt telefonnummer for koronavaksinering
Det er oppretta eige telefonnummer for koronavaksinering - telefon 989 06 097
Dette kan du bruke om du skal:
• kan møte for dose 1 på kort varsel
• forventar å få sms om time til vaksine, men har ikkje fått den
• må melde avbud til timen du er sett opp til vaksinering
• har spørsmål om koronavaksinering

Ring da telefonnummer 989 06 097.

22. april: kommunen anbefalar personar som har vore i område med høgt smittepress om å gå i frivillig karantene og teste seg på dag 3 og 7.

16. april: første trinn i nasjonal gjenåpningsplan trer i kraft.

26. mars: 
Årdal kommune stettar dei nasjonale reglane. Me har ikkje lokale reglar i tillegg til dette, men me ynskjer å presisere og forenkle nokre punkt i dei nye reglane og anbefalingane som er iverksett.

Dei nasjonale reglane gjeld frå 25. mars til 12. april.

Status 16. mars:

Årdal har fem tilfeller som har testa positivt for covid-19 i samband med innreise og nærkontakt. Personar og nærkontaktar er i isolasjon. Det vart 12. mars stadfesta påvist brasiliansk mutasjon på tre av personane. Situasjonen er under kontroll. Kommunelege/smittevernlege bestemmer når isolasjon kan opphevast.
 

Status 7. mars:

Det er påvist ny person smitta av Covid-19 i Årdal kommune. Personen var i innreisekarantene da melding om positiv test kom. Vedkomande er sett i isolasjon og nærkontaktar er avklart.

Det er til no åtte personar som har testa positivt på covid-19 i Årdal.

Status 6. mars:

Det er påvist ein ny smitta av Covid-19 i Årdal kommune. Personen har vore i karantene som nærkontakt og er no sett i isolasjon. Smittekjelde er kjend og det er oversikt på andre nærkontaktar.

 

Me minner om å:

•    halde avstand og bruke munnbind når du ikkje kan halde god nok avstand
•    halde hendene dine reine
•    halde deg heime viss du er sjuk
•    redusere tal personar du møter
•    sjekke status i den kommunen du skal til før du reiser

 

 

 

Til toppen