Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Korleis er beredskapsarbeidet organisert i Årdal

Kven er det som bestemmer korleis Årdal kommune skal handtere koronaepidemien? Kven er det som avgjer kva som er lov og kva som ikkje er lov?

Overordna nasjonalt nivå

Dei fleste av koronatiltaka er felles for alle i Noreg og avgjort på eit overordna nasjonalt nivå. Det kommunale nivået er likevel viktig i kampen mot covid-19 og iverksetting av mange av dei nasjonale tiltaka skjer på det kommunale nivået.

Kommunen kan i tillegg vedta eigne lokale tiltak.

Kriseleiing

I krisesituasjonar er det behov for å kunne handle raskt og å få sett i verk avvergande eller bøtande tiltak. I slike situasjonar har kommunestyret delegert spesiell mynde til kriseleiinga i kommunen. Kriseleiinga har alle fullmakter som er naudsynte for å sette i verk skadeavgrensande tiltak i ein krisesituasjon eller når ei krise truar.

Kriseleiinga er sett saman av ordførar, kommunedirektør, kommunalsjefar, brannsjef og informasjonsansvarleg. I samband med koronapandemien er kommuneoverlegen sentral i kriseleiinga, både i kraft av helsefagleg kompetanse og i kraft av fullmaktene som er lagt til denne posisjonen i mellom anna smittevernlova. I tillegg er leiarar og nøkkelpersonell i administrasjonen tilgjengeleg ved behov.
Årdal har felles kommuneoverlege med kommunane Lærdal og Aurland. I samband med covid-19 er det i tillegg konsituert lokal smittevernlege i Årdal. 

Helsestab

I tillegg til kriseleiinga, har kommunen sett ned eigen helsestab. Denne er leiia av kommunalsjef for helse og omsorg i samarbeid med lokal smittevernlege.
Smittevernlova gir kommuneoverlegen mynde til å gjennomføre nødvendige tiltak. Helsestab møter ein gong i veka for å utveksle informasjon og drøfte konkrete problemstillingar. Mange av dei smittevernfaglege spørsmåla frå kommunen internt, og frå innbyggjarar/arrangørar i kommunen blir teke opp her.
Problemstillingar som er av prinsipiell karakter eller som omfattar/berører ein større del av kommuneorganisasjonen blir løfta frå pandemigruppa og opp til kriseleiinga.

Til toppen