Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Informasjon om lokale utbrot

Dersom det er lokal smitte i Årdal vil heimesida verte oppdatert kvar dag med tal smitta. Det vil i tillegg bli informerte på facebooksida til kommunen og sendt ut pressemelding.

Kommunen har eige smittesporingsteam og det vil bli gjort ein grundig jobb med sporing av smitte. Dei som kan tenkast å vere utsett for smitte blir varsla direkte.

Personar som er smitta blir sett i isolasjon. Personar som har vore i kontakt med dei smitta blir sett i karantene, og testa for smitte om dei viser symptom på sjukdom. Personar utan symptom skal normalt ikkje testast, men kan bli testa på spesiell indikasjon.

Om du ikkje høyrer frå oss betyr det at vi ikkje har grunn til å tru at du har vore i kontakt med personar med påvist smitte.

Her kan du lese meir om smitte og testing.

Til toppen