A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Koordinerande eining/Individuell plan

Individuell plan (IP)

Individuell plan skal bidra til at tenestemottakaren får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Det skal sikrast at det til ei kvar tid er ein koordinator som har hovudansvaret for oppfølging av tenestemottakar. Innhald og omfang i IP skal vere tilpassa behova til den einskilde pasient/ brukar.

Planen skal innehalde fylgjande hovudpunkt:
Oversikt over pasient/ brukar sine mål, ressursar og behov for tenester.
Oversikt over kven som deltek i arbeidet med planen.
Kven som er koordinator.
Oversikt over kva pasient/ brukar, tenesteytar og ev. pårørande vil bidra med i planarbeidet.
Oversikt over kva tiltak som er aktuelle og omfanget av dei, og kven som skal ha ansvar for dei ulike tiltaka.
Beskriving av korleis tiltaka skal gjennomførast.
Tidfesting av planperioden, tidspunkt for ev. justeringer og revisjon av planen.
Pasient/ brukar sitt samtykke til at planen vert utarbeidd og ev. samtykke til at deltakarane i planlegginga vert gjeve tilgang til opplysningar som er underlagt teieplikt.
Oversikt over naudsynt eller ynskjeleg samarbeid med andre tenesteytarar, instutisjonar og etatar.
 
Planen skal vere eit dynamisk verkty som vert oppdatert i samsvar med endringar i behov og avgjersler. Planen bør vere enkel og oversiktleg. Planen skal kun innehalde det som er naudsynt for å oppfylle planens formål.        
 
Individuell plan skal styrke samhandlinga mellom tenesteytar og tenestemottakar, eventuelt pårørande og etatar innan eit forvaltningsnivå eller på tvers av forvaltningsnivå.
 
Kven kan søkje om individuell plan?
Alle som har behov for koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova, spesialisthelsetenestelova og lov om psyisk helsevern har rett til å få utarbeida individuell plan, IP.
 
Korleis søkje?
Søknad skal sendast til:
Årdal kommune, Koordinerande Eining, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
 
Ynskjer du å vite meir: