A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

IKT konsulent - 100 % fast stilling

Ledig stilling

I samsvar med vedteken plan for velferdsteknologi i Årdal kommune (K-sak 075/19) ynskjer vi å styrkje eigne IKT-ressursar. 
Me søkjer difor etter IKT konsulent i 100 % stilling. Søknadsfrist 26.08.2019.

Stillinga er knytt opp mot sentral IKT avdeling, men skal ha eit særskild ansvar for digital helse. Dermed også eit tett samarbeid med Gerica systemansvarleg og FDV på hjelpemidlar.
 
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene er teknisk retta mot:
Velferdsteknologi 
Gerica    (fagsystem pleie- og omsorgstenesta)
Winmed (fagsystem helsetenesta)
Telemedisin
Bruk av audio- og videoutstyr i kommunen 
Brukarstøtte 
 
Velferdsteknologi er teknologisk assistanse som kan betre den enkelte si evne til å klare seg sjølv i kvardagen og medverke til auka tryggleik. Den kan og bidra til å støtte pårørande og betra ressursutnyttinga i tenesteområda, då den ikkje berre handlar om eldre brukarar, men alle aldersgrupper. Døme: fallsensor, komfyrvakt, døropnarar, mobiltelefona til tilsette med integrerte arbeidslister knytt mot journalsystemet, sensorbasert varslingssystem på sjukeheimane osv. 
Det overordna målet er at teknologien er ein naturleg og integrert del av tenestene innan 2020.
 
Kvalifikasjonskrav
Vi søkjer deg som har:
- IT-utdanning. Erfaring kan kompensera for formell utdanning. 
- kjennskap til/erfaring med Gerica, Winmed og elektroniske helsemeldingar
- god IT/AV teknisk forståing (nettverk, citrix, servere/lagring, klientar, videoutstyr osv.)
- kjennskap til informasjonssikkerheit og prinsipp for dokumentasjon
- gode evne til å jobba sjølvstendig og vera løysingsorientert
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- den som vert tilsett må vera serviceinnstilt og til å lita på, samt vera strukturert og nøyaktig 
- gode samarbeidsevne og kunne jobba i team/prosjekt
 
 
Det er krav om førarkort då ein del av arbeidsoppgåvene må utførast ute i tenesteområda/hjå brukarane.
 
Den som vert tilsett må ha gode evner til å samarbeida med interne- og eksterne samarbeidspartnera, samt bidra til at GDPR-regelverket og informasjonstryggleiken vert overholdt. Å driva veiledning/ opplæring av tilsette, brukarar og pårørande vil og verte ei av arbeidsoppgåve.
 
Me tilbyr
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsavtalar, 2 % av løn vert trekt til tariffesta tenestepensjon. 
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit hektisk, men godt arbeidsmiljø.
 
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 26.08.2019.
 
Kontaktperson
Eva Lægreid Løvdahl, IKT-konsulent, mobil: 97599758, eva.lovdahl@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut