A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Idrettsanlegg

i tillegg til ei rekkje nærmiljøanlegg, kommunale ballplassar, kommunale leike – og aktivitetsareal, turløyper og skiløper kan Årdal Kommune syne til:

  • Jotun stadion, Øvre Årdal
  • Årdalstangen stadion, Årdalstangen
  • 3 treningsfelt for fotball
  • Ballbinge
  • 2 idrettshallar for fleirbruksaktivitetar
  • utendørs svømmebasseng
  • 2 utandørs skyteanlegg 100 og 200 m
  • 2 innandørs skyteanlegg - kortbaner
  • 2 større anlegg for skiaktivitetar
  • Styrketrening for turn og Tae Kwan Doe
  • Ridebane/ridehall
  • Multianlegg for uorganiserte aktivitetar

Årdalshallen, Øvre Årdal:

Fleirbrukshall med mellom anna handballflate på 20 x 40 m., klatrevegg, styrketreningsrom og møtelokale. Symjebassenget på 25 x 12,5 m. har stupetårn og er tilrettelagt for funksjonshemma.

Tangenhallen, Årdalstangen:

Handballflate på 20 x 40 m. og møterom. Tangen skule, symjebasseng 12,5 m x 7,5 m, oppvarma vatn.

Friluftsbada

Øvre Årdal: 50 x 25 m.-basseng med to sklier, samt to mindre basseng for born. Også i det minste bassenget er det ei lita sklie. Vatnet kjem frå Hydro Aluminium, og er oppvarma til om lag 28 grader. Rundt bassenga er det eit stort grøntanlegg, og anlegget ligg i tilknytning til idrettsparken med gode parkeringsmoglegheiter.

Årdalstangen: 25 meters-basseng med stupetårn, samt to mindre basseng for born. Dette anlegget har også eit fint grøntareal med gode moglegheiter for parkering.

Begge friluftsbada har garderobeanlegg.

Friluftsbada har alltid vore viktige for kommunen sine innbyggjarar og tilreisande. Årdal kommune har bl.a. vore arrangør av NM i symjing.

Årdal kommune har mellom anna vore arrangørar av NM i friidrett og fleire internasjonale stemner i både sykling, handball og friidrett. Vi har også hatt besøk av ulike landslag, dei beste internasjonale klubblaga i kvinnehandball og utanlandske toppspelarar i fotball som gjester i våre anlegg.

Ta kontakt med idrettskonsulent dersom du ynskjer meir informasjon om anlegga.

Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til idrettsbygda Årdal!

Kontaktperson Mobilnr. E-postadresse
Frank Runar Øren 91747875

frank.runar.oren@ardal.kommune.no

Kontaktadresse Postnr. Poststed
Jotunvegen 13  6884  Øvre Årdal