A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

ID- kontroll for utanlandske arbeidstakarar

Etter initiativ frå Lærdal Grønt kjem Skatt Vest til Lærdal for å utføra ID-kontroll i samband med søknad om skattekort for arbeidsgjevarar og deira utanlandske arbeidstakarar. Tidspunktet er sett til torsdag 4. august kl 11 - 15 på Lærdal rådhus, og er ope for alle tre kommunane. 

NB! Denne kontrollen er kun for dei som ikkje har vore på ID-kontroll tidlegare.

Kva må gjerast før kontrollen;
  - Arbeidsgjevar sender fullt namn og fødselsdato på dei som skal kontrollerast til Skatteetaten innan 28.7.2016 til torill.feidje@skatteetaten.no

Viktig å ha med seg ved frammøte;
 -  Ferdig utfylt skjema RF-1209 ”Søknad om skattekort for utenlandsk borger” (må vere ferdig utfylt med blokkbokstavar eller på data)
 -  Pass, ID-kort som viser bilete, nasjonalitet og kjønn. Original av godkjent id-dokument. Papirkopi av god kvalitet.
 -  Original av arbeidskontrakt eller ordrebekreftelse/bemanningselskap. Papirkopi av god kvalitet.
 -  Arbeids-/opphaldsløyve. Gjeld borgarar utanfor EØS.

EØS-borgarar som skal vera meir enn 3 månadar i Noreg skal ha registreringsbevis frå politiet. Borgarar frå andre land må ha opphaldsløyve. Det er arbeidsgjevar sitt ansvar å sjekke dette.

Dei som tidlegare er ID-kontrollert kan senda RF-1209 og kopi av arbeidsavtale per post til Skatteetaten.

Meir informasjon om dette finn de på Skatteetaten sine sider.

Nytting informasjon til utanlandske arbeidstakar som skal jobba i Norge finn du på norsk og engelsk.

Tips ein ven Skriv ut