A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

IBU-midlane er brukt opp for i år

Innovasjon Norge meder at IBU-midlane for Sogn og Fjordane er brukt  opp for i år.


I melding til kommunane heiter det:

Det har vore stor interesse for å utvide driftsopplegga i år, særleg innan sauehaldet, men også innan storfe og frukt/bær. Mange søkjarar har fått melding om at vi ikkje har att IBU-midlar i år, men må søkje på nytt neste år. Det er viktig at desse ikkje startar opp før den nye søknaden er behandla av Innovasjon Norge.  
 
Vi bed no kommunane informere nye kundar om dette, og gje dei melding om at det ikkje har noko føre seg å sende inn fleire saker i 2015. 
Søknader om støtte kan sendast inn att etter nyttår, så snart Handlingsplan 2016 er revidert. Der kan det kome endringar som gjeld våre verkemiddel. Ei slik endring er alt bestemt, etter som ordninga med rentestøtte er avvikla frå og med 2016.

Tips ein ven Skriv ut