A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Høyring Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016 - 2020

Fskap-051/16 Vedtak:
Rusmiddelpolitisk handlingsplan vert lagt ut til offentleg gjennomsyn og høyring i 2 veker slik den ligg føre.

Alkohollova § 1-7d pålegg  kommunane å utarbeide ein alkoholpolitisk handlingsplan. Kommunestyret vedtok 19.06.2008 at planen skal rullerast og leggjast fram for kommunestyret før tildeling av sals- og skjenkeløyve i kvar fireårige valperiode.

I 2012 vart det gjennomført ei omfattande rullering med bakgrunn i to nye lover som vart gjort gjeldande frå 01.01.2012:

Lov om helse- og omsorgstenestene i kommunane og Lov om Folkehelse. Samstundes var samhandlingsreforma sett i verk.

Planen for 2016 – 2020 har berre gjennomgått ei lett rullering og evaluert i samarbeid med eit stort tal kommunale tenesteområde der også eksterne aktørar har vore inviterte med. I drøftingane mellom aktørane står to hovudmålsetjingar fast:

1.    Utvikle nye, førbyggande tiltak som samsvarar med lokale behov og utviklingstrekk. Sikre målgruppene og samordninga av innsatsen innafor noverande organisering.
2.    Sikre langvarige og samansette tenester til menneske med samstundes rusmiddelbruk og psykisk liding (ROP-pasientar). Herunder er det grunnleggjande å sikre stabile og permanente butilhøve med heildøgnsoppfølging for å ukkast også med andre tenester til brukarane.

Ei lett rullering medfører i hovudsak ei vidareføring av eksisterande plan og få endringar. Den største endringa er i punkta 8.4.3 og 8.4.4 som endra lovtekst for sal og skjenking. Tidlegare var dette ikkje tillatt på røystedagen for stortingsval, fylkestingsval, kommunestyreval og folkerøysting. Desse avgrensingane er no fjerna i lovverket og i planen.

Alle høyringsuttaler vert inkludert i sak til formannskapet 14. juni 2016.

Høyringsfristen vert sett til 7. juni 2016
Uttale kan sendast til:
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller
E-post: postmottak@ardal.kommune.no

Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016 - 2020

Tips ein ven Skriv ut