A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Høyring: rett til sjukeheimsplass

Formannskapet vedtok i møte 4. april å legge ut «Forslag til føresegner om rett til opphald i sjukeheim, kriterium og ventelister for Årdal kommune» på høyring.

Høyringsfrist 19. mai 2017.

Bakgrunnen for føresegna er lovendringar i pasient- og brukarrettigheitslova og helse- og omsorgstenestelova om rett til plass i sjukeheim mm. som vart iverksett frå 1. januar 2017.

Lovendringa er vedteken for å betre rettsstillinga til pasientar og brukarar når det gjeld retten til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgnsomsorg. 

Lovendringa gjer det klart at pasient eller brukar har rett til slikt opphald, dersom det etter ei helse- og omsorgsfagleg vurdering er det einaste kommunale tilbodet som kan sikre pasienten og brukaren nødvendige og forsvarlege helse- og omsorgstenester.

Kommunen er etter lovendringa forplikta til å fastsetje i føresegn kriterium for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim.  Målet med slike kriterium er å bidra til betre føreseielegheit og meir openheit rundt tildelingsprosessen. Føresegna skal regulere at søkjarar til langtidsopphald i sjukeheim har rett til å få eit vedtak om å stå på kommunen si venteliste. Dette gjeld dei pasientar og brukarar som oppfyller kommunen sine kriterium for langtidsopphald, men som med forsvarleg hjelp kan vente på ein langtidsplass. Den kommunale føresegna skal også innehalde avgjerder om korleis kommunen sikrar forsvarleg oppfølging av dei som står på venteliste. 

Kommunen er ansvarleg for å sørge for kommunale helse- og omsorgstenester. Kommunen må etter lovendringa vere tydeleg ovanfor eigne innbyggarar på kva tenester pasientar og brukarar kan forvente i eigen kommune. Retten til vedtak skal gi tryggleik for at vedkommande sitt behov er sett og at eit tilbod om sjukeheimsplass er der når behovet oppstår.

Føresegna er utarbeidd av leiarar i eldreomsorg og kommunalsjef, i samarbeid med TSG (tverrfagleg samarbeidsgruppe) som er ansvarleg for kartlegging av søkjar før vedtak om tenester i eldreomsorg. Gruppa er samansett av avdelingsleiarar, tenesteleiarar, pasientkoordinator og ergoterapeut. 

Den nye føresegna skal ha verknadsdato frå 1.juli 2017.

Merknad til høyringa skal sendast til;
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen eller postmottak@ardal.kommune.no innan 19. mai.

Formannskapssak
Kommunal føresegn for rett til sjukeheimsplass og venteliste
Føresegn om rett til langtidsopphald i sjukeheim
Lovtekst - rett til langtidsplass

Tips ein ven Skriv ut