A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Høyring - Bustadsosial handlingsplan

Årdal kommune sin bustadsosiale handlingsplan 2016 – 2020 vert lagt ut til offentleg høyring.


Høyringfrist 19. februar 2016.


Ein bustadsosial plan skal vise dagens situasjon, kva er utfordringane og behova, ein tiltaksplan og korleis dei ulike tiltaka bør prioriterast.

I sin bustadsosiale strategi legg Regjeringa føringar og forventar at kommunane har ein plan for sitt arbeid med bustadsosiale utfordringar.

Bustadsosialt arbeid omfattar alt frå å framskaffe og tildele bustader, til tenester og tiltak som kan betre den einskilde sin føresetnad for å meistre sin bu – og livssituasjon.  

Alle uttaler vil verte inkludert i sak til formannskapet 8. mars 2016.

Høyringsfristen er sett til fredag 19.februar 2016 og uttale kan sendast til;
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, eller postmottak@ardal.kommune.no

Bustadsosial handlingsplan 2016 - 2020

 

Tips ein ven Skriv ut