Gamle skular

Dei første skulane i Årdal

Tekstene og bileta er brukt med løyve frå Steinar Lægreid.

Her er eit flott bilete av Gamleskulen i Øvre Årdal. Det er teke rett etter opninga av skulen i 1918. Til høgre skimtar ein Offerdals Landhandel.
gamleskulen
skulhusbakken

Dei første skulane i Årdal

Tekstene og bileta er brukt med løyve frå Steinar Lægreid. Her er eit flott bilete av Gamleskulen i Øvre Årdal. Det er teke rett etter opninga av skulen i 1918. Til høgre skimtar ein Offerdals Landhandel.

Den første skuleordninga for Årdal vart organsiert i 1741. Det skjedde på eit møte som sokneprest Jonas Leyerdal skipa til på Solvorn for "Lærdals Præstegjeld", som Årdal då høyrde under. Årdal vart då delt inn i to skulekrinsar - ein for bygder ved Årdalsfjorden og ein for øvre ovanfor Årdalsvatnet. Jens Bache vart første lærar, og hadde plikt til å gjennomføre 8 vekers skule i fjordbygdene og 16 veker i bygdene ovanfor vatnet.

Årdal vart skild frå Lærdal som eigen kommune i 1860, men først ved deling av prestegjeldet i 1863 vart Årdal sjølvstendig skulekommune. Kommunen hadde to lærarar på fastskule og to omgangsskulelærarar. I dei komande åra vart omgangsskulen gradvis avløyst av fastskule i bygdene. I tillegg til hovudbygdene Tangen og Farnes, vart det etter kvart eigne skulekrinsar i grendene Ofredal, Naddvik, Ve, Utladal, Vetti, Eldegard, Bergmål, Avdal, Seimsdal, Nundal og Fardal. Det første skulehuset vart bygd på Tangen i 1868. Farnes fekk skulehus i 1876, Vikadal 1878, Seimsdal 1883 og Ofredal 1903.

Etter mykje strid vart det ved dei største skulane innført prøve med dagleg skule i 1901. Dei eldste elevane gjekk på føremiddagen og dei minste på ettermiddagen, men etter sterke protestar frå foreldre vart ordninga etter kort tid avvikla. Nedlegging av grendaskulane starta på 1950-talet og var avslutta i 1972.

Du finn heile soga om skulane ved å klikke her.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS