A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Helsestasjon

Gjennom helsestasjonstilbodet ynskjer me at gravide og familiar med barn skal kjenne seg ivaretekne. Alle familiar med barn mellom 0-5 år, får tilbod etter gjeldande helsestasjonsprogram. Me følgjer barnet si utvikling frå 0-5 år. Helsestasjonen er eit tilbod der de får rettleiing hjå helsesyster, helsestasjonslege, jordmor og fysioterapeut.

Skulehelsetenesta

er eit framhald av helsestasjonstilbodet. Me arbeider for å fremja god helse blandt barn og unge gjennom helseopplysning, foreldre og elevrettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjon.

Helsestasjon for ungdom

er eit supplement til skulehelsetenesta. Me ynskjer at ungdom skal kjenne seg ivaretekne i høve til fysisk og psykososial helse. Tilbodet er for ungdom mellom 13-20 år, og er gratis. Helsesyster kan formidla avtale til skulelege, eventuelt andre i hjelpeapparatet etter behov.

Her finn de opplysningar om helsestasjonen og opningstider