A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Born og familie/Barnehage/Haugane barnehage

Haugane barnehage

Haugane barnehage arbeidar for at alle barn skal trivast, inkludert i eit fellesskap.

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7

Vår visjon:

  • Trygge barn – ein føresetnad for vekst og utvikling
  • Levande fellesskap med plass til alle
  • Barn som blir sett og lytta til
  • Gode opplevingar, glade barn i leik og læring

Eit godt leike- og læringsmiljø:
•    er eit inspirerande miljø som motiverer for ulike erfaringar, basert på barna sine eigne interesser og eige ståstad,
•    gir høve til prøving, feiling og meistring,
•    legg vekt på kvalitet i samspelet mellom menneske, der dei vaksne til einkvar tid har ansvaret for kvaliteten i samspelet


SATSINGSOMRÅDE

Språkmiljøet:
Vi vektlegg barna si språkutvikling og kommunikasjon. Vi skal gi barna gode kommunikative erfaringar i samspel med andre barn og vaksne.

Gjennom tema-arbeid vil vi utfordre både barn og vaksne til å vere ”forskarar”, vere nysgjerrige og undrande til små og store hendingar.

Fysisk aktivitet:
Vi vil leggje til rette for fysisk aktivitet både inne og ute for å auke kjennskapen til eigen kropp og korleis den fungerar.

Sosial kompetanse:
Vi ynskjer å gi barna positive samhandlingserfaringar og førebygge utestenging/mobbing.
 

Kontaktinformasjon
Haugane barnehage
Farnesvegen 58a
6884 Øvre Årdal

Styrar: Kirsti Eklund 
Telefon: 45879339
e-post: kek@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut