A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Forståinga av menneskets sjel i tidlegare tider og aktualitet i vår tid.

Har vi sjel - eller er den gått ut på dato? Tirsdag 29.11. kl.19.00

15032854_1794427147272404_122155971112449310_n.jpg

Vi får besøk av Ole Martin Høystad, forfattar av boka Sjelens betydning - en kulturhistorie. Boka har fått strålande meldingar i avisene som har skrive om han. Høystad skal halda eit foredrag om sjelen og kva for ei tyding han har hatt i ulike tider og kulturar.
 



Folk flest meiner dei har sjel – ingen vil vel vere sjellaus? – men få kan forklare kva sjel er. Det er det prof. Ole Martin Høystad freistar i si bok om «Sjelens betydning. En kulturhistorie». Kor sentral stilling sjela har i våre førestillingar og i vår kultur, kjem til uttrykk i språket vårt, som har ei rad sjelelege uttrykk. Vi snakkar om ei «heil og rein sjel», om «ei djup» og «ærleg sjel». Spørsmålet er om dette er berre biletlege talemåtar, eller om ordet sjel refererer til noko verkeleg og viktig i oss på line med fornuft, vilje og kjensler. Høystads bok – og foredrag den 29. nov. – freistar å svare på slike spørsmål. Det gjer han ved å følgje den dramatiske utviklinga sjela har gjennomgått heilt frå den greske antikken til vår eiga tid.

Gjennom heile mellomalderen og langt inn i moderne tider var sjela oppfatta som menneskets sentrum og målestokken for liv og død. Men i opplysningstida vart denne sentrale stillinga utfordra. For sjela kan ikkje bevisast vitskapleg. Derfor hevdar mange at sjela er redusert til eit reint religiøst begrep og gjenstand for tru. Andre hevdar at den er eit psykologisk begrep og erstatta med psyke, noko irrasjonelt ubevisst og komplekst som treng å gå i terapi.

Sjelas svekka stilling i filosofien og i vitskapen blir motsagd av den rolla vårt sjeleliv spelar i moderne dikting, der den er eit hovudmotiv, frå Shakespeare, Dostojevskij, Hamsun og Karl Ove Knausgård. Høystads bok viser korleis både filosofar, kristendommen og diktarar har forma det bildet av sjela som vi stadig ber med oss som del av vårt menneskebilde.

Sidan vi lever i ei global og fleirkulturell tid, gjer boka også greie for korleis sjela blir oppfatta i andre religionar enn kristendommen, i buddhismen og særleg i islam, der sjela også spelar ei politisk rolle med lovnad om eit paradisisk liv for dei som døyr «martyrdøden». Det er også nødvendig å forstå «dei andre» dersom ein vil forstå seg sjølv og sitt eige sjeleliv.


Ole Martin Høystad er dr. philos. og professor em. i tverrfaglege kulturstudiar ved Høgskolen i Sørøst-Norge (tidlegare Høgskolen i Telemark – Bø). I nokre år var han også tilsett som professor ved Syddansk Universitet i Odense. Høystad har dr.grad i nordisk litteratur, og har i ei årrekke arbeidet tverrfagleg og gitt ut fleire bøker om litteratur, filosofi og kulturhistorie. Han var i 2008 medforfattar av den første nordiske innføringsboka i tverrfaglege kulturstudiar, Nye kulturstudier (utgitt på dansk i 2010). I 2003 ga han ut Hjertets kulturhistorie på nynorsk (revidert utgåve i 2011, Hjertet. En kulturhistorie, Spartacus forlag). Boka er gjeven ut på tysk, engelsk, spansk, italiensk, russisk, koreansk og ei rad andre språk, og er ei av dei mest omsette norske fagbøkene.

 

Det vert mogleg å kjøpa boka etter foredraget.

 

Skrevet om boka: 

Aftenposten: http://www.aftenposten.no/kultur/Ole-Martin-Hoystad-Et-storverk-om-sjelens-skjebne-604544b.html

Dagbladet (betalingsmur): http://www.dagbladet.no/kultur/anmeldelsenbsper-sjelen-bare-et-ord-eller-en-handfast-realitet/62425917

 

Foredraget skjer i biblioteket. 

Lett servering