A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Har du forslag til årets årdøl eller kulturpris 2019?

Årets årdøl 2018

Da er tiden inne for å sende inn dette og fristen er 1. desember.  
Ein av prisane eller begge, kan delast ut kvart år. Prisane vert delt ut i samband med kommunestyremøtet torsdag 19. desember.

Grunngjeve framlegg til aktuelle kandidatar til «Årets Årdøl» eller kommunen sin kulturpris for 2019 sender du til oss innan 1. desember 2019 til 
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, eller på epost til postmottak@ardal.kommune.no. Kommunen kan også sjølv foreslå kandidatar. Kvar av prisane er på kr. 5000,-.

Retningslinjer for kulturprisen og årets årdøl

Årdal kommune sin kulturpris

  1. Årdal kommune kan kvart år dele ut ein kulturpris. Prisen vert gjeve til einskildpersonar eller organisasjonar som har tilknyting til kulturlivet i kommunen. Det kan vera på område som lagsarbeid, utøvande kunstnarleg verksemd, bygningsvern/kulturminnevern eller anna nærmiljøarbeid.
  2. Vedvarande arbeid over fleire år, eller ein heilt spesiell innsats, kvalifiserer i særleg grad til prisen.
  3. Føremålet med prisen er å stimulera kulturlivet i kommunen ved å gje honnør for spesielt god innsats på området. Same personen kan berre unntaksvis motta prisen meir enn ein gong.

Årets årdøl

  1. Prisen vert gjeve til personar eller grupper som har gjort ein særleg innsats for andre menneske, eller ein særleg innsats til beste for bygda gjeldande år.
  2. Personar eller grupper som har sett Årdal på kartet på ein positiv måte/profilert Årdal godt utad, kan også motta prisen.
Tips ein ven Skriv ut