A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Hagerømlingar og andre artar på avvegar

Innformasjon til hageeigarar, planteutsal og entreprenørar om framande skadelege artar som kan true naturmangfaldet i Sogn og Fjordane. På verdsbasis er spreiing av framande artar rekna som eit av dei viktigaste trugsmåla mot naturmangfald. Det er laga ein brosjyre for å orientere om problemet, og bidra til å ta vare på naturmangfald i fylket.

Innførte artar som har begynt å formeire seg i naturen, har med åra blitt eit problem også i Sogn og Fjordane. Både gamle hageplantar, parktre og treslag brukt i skogbruket spreier seg no
i store delar av fylket. For nokre artar er situasjonen for lengst ute av kontroll, men for dei fleste er det framleis mogleg å avgrense og truleg også fjerne problemet.

Brosjyren gir informasjon til hageeigarar, planteutsal og entreprenørar om dei viktigaste framande skadelege artane i Sogn og Fjordane; korleis dei kan identifiserast, kva negative verknader dei har, og kva tiltak som kan vere aktuelle mot dei ulike artane. I tillegg blir det fokusert på handtering av hageavfall og flytting av jordmassar, som kvar på sine vis er viktige spreiingsfaktorar for framande skadelege artar.

Brosjyren blir sendt direkte frå trykkeriet til kommunane, hagelag, planteutsal og andre. Vi har bede kommunane om å formidle brosjyren vidare til lokale entreprenørar, ettersom Fylkesmannen manglar oversikt over entreprenørar i kvar kommune.

«Hagerømlingar og andre artar på avvegar», kan lesast og lastast ned her eller ved å klikke på biletet til høgre. I nettutgåva er det lenker til andre nettsider med informasjon om mange av artane, mellom anna korleis dei best kan nedkjempast.

Vi vonar at brosjyren vil bli mykje brukt og vere til god hjelp for å hindre vidare spreiing av framande skadelege artar i fylket vårt. Brosjyren er ei oppfølging av Fylkesmannen si handlingsplan mot framande skadelege artar i Sogn og Fjordane.

Tips ein ven Skriv ut