A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Hærverk ved Seimsdalsstrondi

Det har vore mange flotte sommardagar og strondi i Seimsdalen er flittig brukt av store og små.


  • 1

Det er difor synd at einskilde har behov for å øydelegge og drive med hærverk på det utstyret som er sett ut.Bord og benker er fleire gonger kasta på fjorden og flytebrygga vert forsøkt øydelagt. Kommunen har fått melding om at det er observert born/ungdommar som held på med dette. Me ber foreldre ta ein prat med sine born om å ta eit felles ansvar for at friområdet vert teke vare på.

Tekniske tenester melder no at det ikkje vert sett ut fleire bord og benker anna enn dei som er fastmontert. Me beklagar dette, men me kan ikkje bruke tid og pengar på å reparere og sette ut igjen det som vert øydelagt.

Tips ein ven Skriv ut