A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Grunnskulen

Føremål med tenesta

Grunnskulen gjev undervisning til born og unge i samsvar med gjeldande læreplan, opplæringslov og forskrift.

  • Ved eventuell heimeundervisning har kommunen tilsynsplikt

Kven får tenesta

Grunnskulen gjev tilbod om opplæring til born i grunnskulealder. Skulen er delt inn i to steg: Barnesteget (1. - 7. årssteg) og ungdomssteget (8. - 10. årssteg)

Korleis få tenesta

  • Alle barn som soknar til Årdalstangen, Seimsdalen, Ofredalen og Naddvik skal skrivast inn ved Tangen skule det året dei fyller 6 år

  • Barn som soknar til Øvre Årdal, Utladalen og Fardalen skal skrivast inn ved Farnes skule

  • Barnet kan få framskunda eller utsett skulestart etter søknad og sakkunnig vurdering. Tidspunkt for innmelding vert kunngjort i lokalavisa, i barnehagane og på heimesida til skulen i november/desember kvart år

Kva omfattar tenesta

  • Undervisninga vert gjeven i samsvar med opplæringslova og læreplanen for den 10-årige grunnskulen. Eleven har rett til opplæring tilpassa sine evner og føresetnader.

  • Elevar med særskilde behov får tilbod om spesialundervisning i klasse, i einetimar eller i gruppe etter sakkunnig vurdering, enkeltvedtak og individuell opplæringsplan (IOP).

  • Elevar med særleg store vanskar kan få tilbod om ekstraordinære tiltak. I undervisninga skal nyttast ulike arbeidsmåtar tilpassa fag/emne, årssteg og eleven sine behov og føresetnader, til dømes kunnskapsformidling gjennom klasseromsundervisning og forteljing, tema og prosjektundervisning, samarbeidslæring, uteskule, ekskursjonar, leirskule, leik, samarbeid med næringsliv og lokalmiljø.

Vurdering og dialog

  • Skulen skal gje dei føresette attendemelding på eleven si utvikling

  • Klassestyraren skal minst to gonger om året ha ein planlagd samtale med føresette

  • Elevar i ungdomsskolen skal ha vurdering med terminkarakterar i faga to gonger pr. år. Målet med vurderinga er å fremja læring og utvikling

  • Elevane skal ha medverknad på si eiga læring ved at læraren m.a. legg opp til drøfting av årsplanar, halvårsplanar, vekeplanar og arbeidsmåtar. Tilhøva for den einskilde elev vert teken opp gjennom elevsamtalar

Råd og utval

Opplæringslova har eit eige kapittel (kap.11) om brukarmedverknad i skulen:

  • Samarbeidsutvalet er skulen sitt øvste organ og sett saman av representantar for elevane, lærarane, foreldra, andre tilsette og rektor

  • Elevrådet er elevane sitt representative organ. Rådet er sett saman av valde representantar frå kvar klasse.

  • Foreldrerådet har alle foreldra ved skulen som medlemmer, men dei blir representerte av valde representantar frå kvar klasse i eit arbeidsutval

 Arbeidsmiljø

  • Eit godt fysisk arbeidsmiljø er viktig for eit godt læringsmiljø og elevane sine føresetnader for god læring

  • Alle elevar har rett til ein arbeidsplass som er tilpassa behovet deira. (Opplæringslova § 9.3)

  • Årdal kommune arbeider for at skulane her skal ha eit godt inneklima og eit trygt ute- og innemiljø

  • Alle skular skal ha eit skulemiljøutval der fysiske og psykososiale tilhøve kan takast opp

 Skuleskyss

  • Elevar i 1. klasse som bur meir enn 2 km frå skulen, og elevar i 2. til 10. klasse som bur meir enn 4 km frå skulen, har rett til gratis skuleskyss

  • Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til gratis skyss heile eller deler av året utan omsyn til veglengda

  • Elevar som på grunn av funksjonshemming eller mellombels skade/ sjukdom og har behov for skyss, har rett til dette uavhengig avstand mellom heim og opplæringsstad/skule

  • Skyssen vert innvilga i samråd med skulen eller etter søknad frå elevar/føresette

  • Vedtak om skyss til elevar med mindre enn 2, eventuelt 4 km skuleveg, vert sett på som enkeltvedtak

 Kva vert forventa av dei tilsette 

  • At dei arbeider i samsvar med gjeldande lovverk, læreplan, sentrale og lokale prioriteringar og skulen sin verksemdsplan

  • At dei har fagleg og pedagogisk kompetanse

  • At elevar og føresette vert møtt på ein profesjonell, respektfull og høfleg måte

  • At dei arbeider systematisk for å skapa trivsel og eit mobbefritt miljø

  • Dei tilsette har teieplikt

 
Kva vert forventa av dei føresette

  • At dei samarbeider med skulen til beste for eleven

  • At dei deltek aktivt i og tek imot val til skulen sine samarbeidsorgan (foreldreråd, samarbeidsutval og klasseforeldremøte

  • At dei møter til konferansetimar om eleven si utvikling

Pris, kostnad, tilskot

  • Den offentlege grunnskulen er gratis

  • Skulen kan krevja eigenandel for skuleturar som ikkje er ein del av skulen sitt faglege undervisningstilbod

Heimelsgrunnlag for tenesta

Klage

  • Dersom du ikkje er nøgd, kan du ta kontakt med kontaktlærar/klassestyrar.

  • Du kan og få hjelp av klassekontaktane.    

  • Dersom du framleis ikkje er nøgd, så ta problemet opp med rektor ved skulen