A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Graveløyve

Vilkår for graving i offentleg veg- og gategrunn

Det er vedteke eigne reglar for graving i offentleg veg- og gategrunn. Desse gjeld for all graving i eller ved offentleg veg. Entreprenør kan få reglane ved å venda seg til vegetaten.

Ansvarshavande entreprenør

Det skal alltid vera ein ansvarshavande entreprenør (eventuelt offentleg teknisk etat) for graving i offentleg veg.

Den som skal vera ansvarshavande entreprenør for eit anlegg i eller ved offentleg veg skal ha dei nemnde reglar som vedkommande også skal ha fullt kjennskap til. Ved underskrift på søknadsskjema skal entreprenør forplikta seg til å følgje reglane og ta på seg de ansvar som følgjer med.

Ansvarleg entreprenør har eit særleg ansvar for at det er gjort tilstrekkeleg undersøking om det er andre anlegg i vegen på den staden det skal gravast. Entreprenøren må ha full oversikt over forholda sjølv om andre har gjort undersøkinga. Avkryssing på søknadsskjema skal gjelda som forpliktande erklæring om at tilstrekkelege undersøkingar er gjort. Manglande avkryssing kan føre til avvist søknad.

Ansvarleg entreprenør skal gi naudsynt orientering om reglane til oppdragsgjevar.

Ansvarshavande eigar (oppdragsgjevar)

Søknad om skal alltid underskrivast av eigar av det aktuelle anlegg (oppdragsgjevar).

Ved si underskrift skal eigaren (oppdragsgjevaren):

  • Ta på seg ansvaret for det ferdige anlegget, og for hendingar og skader som anlegget måtte medføra på vegen og tredjemann
  • Vera garantist for at entreprenøren sine forpliktelsar etter reglane blir oppfylde
  • Godta dei til ei kar tid gjeldande offentlege reglar for å ha anlegg i offentleg veggrunn
Kontaktperson fagansvarleg Mobilnr. E-postadresse
   

 

Kontaktadresse Postnr. Poststed
Statsråd Evensensveg 4  6885  Årdalstangen