A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Fysioterapi

Føremål med tenesta

Tenesta skal gjennom førebyggande tiltak, behandling, habilitering og rehabilitering jobbe mot å fremje helse, funksjonsevne og rørsleglede blant innbyggarane i kommunen.

Kven får tenesta

- Vaksne med samansette problemstillingar og behov for tverrfagleg oppfølging - Personar på institusjon - Personar tildelt korttidsplass - Personar som treng behandling i heimen. Barn og unge (0-18 år) - Gravide og barselkvinner - Personar med behov for lymfødembehandling

Korleis få tenesta

Ein kan ta direkte kontakt med fysioterapeutane for informasjon og henvendelse vedr behov for tenester Det må påreknast noko ventetid på tenesta, og vi lyt prioritere dei som hastar mest til ei kvar tid. Ved ferieavvikling, kurs og evt sjukdom kan det og bli ventetid.

Kva omfattar tenesta

Undersøking og kartlegging av funksjonsevne Tilpassa trening og behandling individuelt og i grupper Rettleiing og oppfølging av eigentrening Deltaking i tverrfagleg samarbeid og ansvarsgrupper ved behov

Kva kan eg forvente

At eg blir møtt med respekt At eg får eit fagleg forsvarleg tilbod i høve dei oppgåver som skal løysast At dei held teieplikta si At dei møter opp til avtalt tid.

Plikter til brukar

Vi forventar at du gjer beskjed dersom du må endre inngått avtale pga ferie, høgtider, innlegging på sjukehus m.m. Vi forventar at du gjer beskjed dersom dine behov endrast Vi forventar at du tek omsyn i høve røyking når vi er på besøk Vi viser kvarandre gjensidig respekt.

Pris

Det er eigenandel for fysioterapi – eigenandel takst 2. Unntaket er born og unge under 16 år og personer med godkjent yrkesskade. Når ein har nådd taket for eigenandel har ei rett på fri behandling resten av året.

Heimelsgrunnlag

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester Lov om pasientrettar Lov om helsepersonell Forvaltningslova.

Klage

Dersom du finn grunn til å klage på helsepersonell som utfører tenesta, ta kontakt med leiar Heidi Skeie.Klagen må være skriftleg og innehalde noko om kva du er misfornøgd med og kva du eventuelt ynskjer annleis Dersom du ynskjer det kan du få hjelp til å skrive ned klagen.

Kontaktinformasjon

For vaksne:
Fysioterapeut Grytsje Kooistra i 100% stilling
Kontorstad: ÅBO Flotavegen 2, Øvre Årdal Tlf: 95903034

For barn:
Fysioterapeut Karianne Gudvangen i 100% stilling
Kontorstad: Helsehuset, Jotunvegen 4, Øvre Årdal Tlf: 99 22 48 39

I tillegg er det ein turnuskandidat som rullerer kvart halvår.