A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Fyrverkeri - varsel om sterk vind

Vêrmeldingane varslar vind nyårsaftan og då gjeld det å tenka seg om når det gjeld bruk av fyrverkeri.


Me vil sterkt oppmoda folk om å visa aktsemd! Fyrverkeri kan gjera stor skade.

Fyrverkeri kan fort starta ein brann om det treff brennbart materiale. Me ser kvart år at brannar har starta grunna aktløyse.

Sjølv om fyrverkeriartiklane har vorte sikrare dei seinare åra,  m.a. med innføring av forbod mot rakettar med styrepinne,  viser det seg at sjølv fyrverkeribatteri kan gjere stor skade på personar og materiell.

Sjekk at fyrverkeribatteriet er utan skade og at det ikkje kan velte. Bruk vernebriller og prøv ikkje å tenne fyrverkeriet på nytt om det sloknar.


Skylanterner- /kinesiske lys
Noreg har ikkje eit  generelt forbod mot kjøp, sal og bruk av kinesiske lykter. Alle har likevel ei plikt til å vise alminnelig aktsemd  og førebygge mot brann. Kinesiske lykter er flygande bål du ikkje kan kontrollere.

Tidspunkt for oppskyting av fyrverkeri er fra kl. 18:00 den 31.12.15 til kl. 02:00 den 01.01.16.

Tenk på naboen, hunden og katten.

 

Gaute Johnsgaard
-brannsjef-

 

 

Tips ein ven Skriv ut