FV-53 Ljoteli vil bli stengt igjen

Fylkeskommunen innformerer om at Ljoteli vil bli stengt i nye 3 veker når ein kjem til månadsskiftet januar/februar.
Eksakt startdato er enno ikkje bestemt då det gjenstår ein del sikringsarbeid som må gjerast ferdig først. Dei kjem attende med dato om lag 14 dagar før vegen blir stengt.

Arbeidet med bygging av nye Ljotelitunnelen går etter planen og dei skal no i gang med sjølve drivinga av tunnelen. 
Drivinga vil no i starten skje frå øvre påhogg som vart sprengt ut i den første langstenginga. 
Det står framleis att å ta ut nedre påhogg og det er det som skal gjerast no i denne stengeperioden.
Dette skal etter planen vere siste langstenging for dette arbeidet.