A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Frisklivssentralen

Treng du hjelp til å komme i betre form, få eit sunnare kosthald eller slutte med tobakk? Da kan frisklivssentralen vere noko for deg!

Er du interessert i å delta kan du snakke med lege, anna helsepersonell eller NAV for å få tilvisning. Du kan også ta kontakt med oss på telefon: 902 16 589 eller e-post: frisklivssentralen@ardal.kommune.no.

Helsedirektoratet har laga ein kort informasjonsvideo om frisklivssentralen. Link til videoen: https://www.youtube.com/watch?v=2-JYNQ-0Kqw 

Frisklivssentralen har også eit samarbeid med NAV om å arrangere ei turgruppe på Tangen kvar torsdag f.o.m 07.09.17. Denne gruppa er gratis og open for alle opp til 67 år. Ho blir leia av frivillige og ein kan delta uansett kva form ein er i.

Kan de legge turgruppa inn i aktivitetskalenderen på heimesida? Eg har sett at den ligg inne allereie, men tidspunktet er no endra til kl. 17.30 (tidlegare kl. 17.00). Oppmøtestad er ved Rådhuset. Første gong etter sommarferien er altså torsdag 07.09.17. 

Du finn meir informasjon om tilbodet ved frisklivssentralen på kommunens heimeside.

Tips ein ven Skriv ut