A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Friluftsbassenget er ikkje klar til opning!

Problem med kjemikaliebalansen i vatnet fører til utsett opning av bassenget i Øvre Årdal.

Årdal kommune har annonsert at bassenget vert opna frå 20 juni, ved skuleavslutning. I år kan dette ikkje gjennomførast då bassengvatnet førebels ikkje tilfredsstiller krava som gjeld til kjemikaliebalansen i vatnet.

Undervegs i prosessane som vert gjennomført før oppstart kvart år, har vi i år fått stopp på ei viktig pumpe, slik at vatnet ikkje fekk tilført naudsynte kjemikaliar i ein kritisk periode etter inntapping av vatn.

Vi arbeider for fullt med å få tilfredsstillande vatn i samarbeid med smittevernlegen i Årdal og laboratoriet som analyserer prøvane.

Informasjon om opning vert publisert så snart vatnet tilfredsstiller krava.

 

 

Arne Hovland
Idrettskonsulent

Tips ein ven Skriv ut