A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Friluftsbassenga

Storeskliene bassenget Øvre Årdal

Vannsklia og duken i bassenget ved friluftsbadet i Øvre Årdal skal no byttast ut.

Årdal kommune har fått ei bot på kr. 200.000 for brudd på lov om offentlige anskaffelser. Det gjeld utbetringa av friluftsbassenget på Årdalstangen (nytt renseanlegg). Denne bota er det ikkje budsjettert med – og me ser oss tvungen til å foreta innsparingar innanfor den samme sektoren. 

Til tross for at me får ny sklie og duk ved dette bassenget, har rådmannen - i samråd med kommunestyret - vedteke å redusere driftskostnadane ved å stenge friluftsbassenget i Øvre Årdal sommaren 2020. Det er for å spare inn midlar til å dekke bot/førelegg for tiltaka ved bassenget på Årdalstangen.

Me skjønnar at det er leit at publikum ikkje får nytte bassenget i Øvre, blant anna med ny vannsklie, men me håpar innbyggarane forstår at denne avgjersla er teken.

Forutsett at det blir letta på koronatiltaka, blir bassenget på Årdalstangen åpna i sommar – og det er jo ikkje så lang veg mellom Øvre og Tangen.