A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Frikort for helsetenester

Endelig-frikort2-brosjyre-nyn

Frikort for eigenandelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017. Det betyr at du ikkje treng å søkje om frikort for helsetenester. Frikortet vil komme automatisk i posten innan 3 veker etter at eigenandelstaket på 1990 kroner er nådd.

Det er to frikortordningar i Noreg, ein for eigenandelstak 1 og ein for eigenandelstak 2. Dei gjeld for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordningen, kan du ikkje nytte det i den andre ordningen. Ordningen med frikort eigenandelstak 1 er allereie automatisert, og frå nyttår vart og ordninga for frikort eigenandelstak 2 automatisert.

I frikort eigenandelstak 2 inngår eigenandeler for:
•    undersøking og behandling av fysioterapeut med driftstilskot eller fastlønna fysioterapeut i kommunen
•    enkelte former for tannbehandling
•    opphold ved rehabiliteringsinstitusjoner som har driftsavtale med regionalt helseforetak
•    behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus - Rikshospitalet

Dette er nytt fra 1. januar 2017:

•    Du får frikort eigenandelstak 2 uten å søkje om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigenandelstaket er nådd. 
•    Eigenandelstak 2 for 2017 er kroner 1990,-
•    Har du betalt for mykje, blir beløpet du har krav på automatisk tilbakebetalt. 
•    Aldersgrensa for eigenandelsfritak er heva frå 12 til 16 år.
•    Alle pasientar må betale eigenandel for behandling av fysioterapeut - unntak er born under 16 år og personar med yrkesskade. Dette vart vedteke av Stortinget i statsbudsjettet for 2017.
•    Du kan sjølv følgje med dine registrerte eigenandeler ved å logge inn helsenorge.no.

Frikort eigenandelstak 1 – nytt eigenandelstak for 2017: 2 205 kroner
I frikort eigenandelstak 1 inngår eigenandel fra lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisiner og utstyr på blå resept. 
Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker når du har betalt over 2 205 kroner i eigenandel i 2017.

Tips ein ven Skriv ut