A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Frådeling

For å få frådelt ei tomt, må grunneigar først søke kommunen om frådeling. Søknad skal fremjast på eige skjema som du får av kommunen, eller dei kan hentast ned frå nettet.

Skjema og kartgrunnlag

  • Det er eigar av eigedom (heimelshavar) som skal underteikne aktuelle søknadspapir.
  • Søknad om deling av grunneigedom
  • Nabovarsel/Gjenpart av nabovarsel. Altså to skjema. Dersom nabovarsel skal sendast til vedkomande part, må varselet sendast rekommandert. Då må begge skjema nyttast. Skjemaet ”Nabovarsel” da til den som skal ha varselet, medan skjemaet ”Gjenpart av nabovarsel” skal postverket stemple/signere som stadfesting på at nabovarsel er sendt. Dersom dei partane som skal varslast kan nåast personleg er det nok at dei signerer på skjemaet ”Gjenpart av nabovarsel”.

Nødvendig kart/oversiktskart som viser kva ein ynskjer frådelt. Marker arealet med farge.

”Gjenpart av nabovarsel”, delingssøknaden og nødvendig kartgrunnlag skal leverast samla til kommunen. Dei same skjema skal brukast ved grensejustering/tilleggsareal.

Grunnkart, reguleringskart og eigedomskart kan de få ved å henvenda dykk til Årdal kommune. De kan og få tilgang til kart ved å gå inn på www.sognekart.no.
Der kan ein ved hjelp av enkle menyer zoome seg ned til detaljert kartnivå.

Det er eigar av eigedom (heimelshavar) som skal underteikna aktuelle søknadspapir.

Sakshandsaming

Delingssaker blir handsama etter Plan- og bygningslova/Matrikkellova/Jordlova og i samsvar med overordna gjeldande reguleringsplan/kommuneplan. Det kan søkjast om dispensasjon i dei tilfelle der søknaden i utgangspunktet strir mot gjeldande overordna planar.
Er søknaden i samsvar med gjeldende overordna planer og lovverk, vil det normalt vere frå 1 til 3 mnd. saksbehandlingstid. Dersom saka er meir kompleks og strir mot overordna planar og lovverk, må ein rekna med ei lenger saksbehandlingstid.

Tomtemåling

Oppmåling av tomt skjer normalt i samband med at det blir halde kart- og delingsforretning, der eigar av eigedomen og naboar som grensar til, vert innkalla.

NB! Det er ventetid på oppmålingssaker

Søknad om frådeling av tomt, grensejustering / makebyte m.m. sender du til:
Årdal kommune
Statsråd Evensensveg 4
688 Årdalstangen